Arbeidet i Yanoun
12. februar 2013 § Kommenter innlegget
Den viktigaste oppgåva vår i Yanoun er å gje beskyttelse gjennom å vere der. I kjølevatnet av den andre intifadaen vart alle innbyggjarane der fordrivne av israelske busetjarar i området. Takka vere palestinske, israelske og internasjonale fredsaktivistar har det vore mogleg for innbyggjarane å flytte attende. Ledsagerprogrammet har alltid minst ein person tilstade i landsbyen, noko dei kring 80 innbyggjarane seier at dei set veldig pris på. Det er berre nokre hundre meter frå huset vårt til den næraste utposten frå ein israelsk busetnad og det skjer altfor ofte at busetjerane kjem for å drepe sauer, forgifte drikkevatnet, angripe eller plage innbyggjarane på andre måtar.
I tillegg har vi i Yanoun-teamet ansvar for ei heil rekke omkringsliggande landsbyar og Jordandalen. Hovudproblema her er angre frå valdelege busetjarar og husrivingsordrar. Vi har brukt dei første dagane på å reise rundt og treffe nokre av dei som vi skal prøve å hjelpe. Nokre av dei bur i Jalud, ein liten landsby kor kring 65 busetjarar kom for tre veker sidan og angrep ein familie. Dei kasta stein inn vindauget og ein av sønene i huset (på bilete) fekk ein i hovudet og måtte sy atten sting. No går det heldigvis bra med han, men det er vanskeleg å skulle høyre slike historiar. Ungar skal ikkje måtte oppleve slikt. Ikkje vaksne heller sjølvsagt, men det er spesielt tøft å høyre om ungar som vert utsatt for vald og overgrep.
No er eg i Jerusalem på kursing, men reiser attende til Yanoun i morgon for at teamet mitt offisielt skal ta over ansvaret. Det vert spanande, skummelt og gøy, trur eg. Følg med her for å høyre korleis det går.
Legg att eit svar