Himmel og helvete

14. februar 2013 § Kommenter innlegget

Bilde

Dagens antrekk: Vest. Og søt pusekatt.

Det første eg tenkte då eg kom til Yanoun var at det var så stille. Gruppa mi kom seint om kvelden frå ein hektisk dag i Jerusalem og det var godt å komme vekk frå alt maset og ut på landsbygda. I Yanoun var det berre sauene utanfor soverommet vårt og hønene som laga lyd. Ellers var det berre stjerneklårt og nydeleg.

IMG_8873

Den gjengen her bur rett utanfor soveromsvindauget vårt.

Neste morgon, då vi kring halv sju om morgonen gjekk den daglege morgonturen mellom Øvre- og nedre Yanoun fekk vi verkeleg ta inn kor vakkert det er her. Mandeltrea blomstrar og olivenlundane strekk seg oppover fjellsidene. Likevel er det noko som skurrar. For øvst på haugane rundt Yanoun er det ulovlege israelske utpostar som stadig ekspanderar og tek land frå palestinarane. Høge overvakingstårn, bustadar og kyllingfabrikkar ligg berre nokre hundre meter frå huset vårt. Så i tillegg til at busetjarane trakasserar palestinarane her, gjer måten dei stel land på at det tradisjonelle landbruket forvitrar. Bøndene kan ikkje ha så mange sauer som før og dei kjem seg ikkje fram til landsbruksområda fordi busetjarane og militæret sperrar vegen for dei. I tillegg opplever mange at oliventrea deira vert reven opp med rota eller sagd ned av aggressive busetjarar.

Sålangt har vi vore så heldige at vi ikkje har treft på busetjarar. Det gjer at det enn så lenge er vanskeleg å forestille seg at denne vakre plassen, som verkeleg kjennest som himmelen når ein sit ytst i olivenlunden og ser sola stige opp over Jordandalen og tre gaseller kjem springande forbi, så fort vert til eit helvete når busetjarane kjem med våpna sine.

777, ein av to utpostar vi ser frå huset vårt i Yanoun.

777, ein av to utpostar vi ser frå huset vårt i Yanoun.

Som sagt startar vi kvar dag med å gå medan dei to delene av Yanoun, ein tur på kring fire kilometer. Kvar ettermiddag tek vi den same turen ved solnedgong. I tillegg pleier vi å gå eit stykke bort i olivenlundane kring den nedre delen av Yanoun eller på ein nyåpna veg i retning Nablus. Den vegen har vore stengd i 11 år, sidan starten på den andre intifadaen, og vart først opna att søndag for snart to veker sidan. Då hadde guvernøren i Nablus, som vi hadde på besøk dagen etter, forhandla med det israelske militæret lenge for å få gjenopna den viktige transportruta mellom Aqraba, den næraste byen her, og Nablus. Innbyggjarane her er litt skeptiske til å ta i bruk att vegen fordi det hender så ofte at busetjarane kjem ned til vegen med våpen. Difor går vi eit stykke av den kvar dag for å markere at vi er her og får med oss kva som skjer. Den forrige gruppa som var her vart stoppa då dei kom køyrande der av to unge gutar med maskingevær som motvillig gjekk ut av vegen etter at dei hadde prata litt med dei.

Mina kosar med geitekilling.

Mina kosar med geitekilling.

Gruppa som eg jobbar med i Yanoun består av Mina (32) frå Sverige, John (60) frå England, Diego (42) frå Equador og Annick (23) frå Sveits. Mina er sjukesøster, John er prest i metodistkyrkja, Diego er lærar og Annick student. I dag var det eg og Mina som gjekk den daglege morgonturen og vi var så heldige å verte invitert inn til ein av familiane i Nedre Yanoun på te, nybaka brød og sladder. Vi fekk og kose med geitekillingar som var berre tre dagar gamle, noko dyreglade skandinavar sjølvsagt sette stor pris på. Kor enn vi går eller reiser her nede vert vi invitert inn og teke godt imot. Det er imponerande kor gjestfrie eit folk som har vorte så herja med er.

Medan eg er i Yanoun, er dei to andre norske ledsagerane her nede i Hebron og South Hebron Hills. Følg bloggen til Birgitte i Hebron her og Eirik sin i Yatta her.

Reklame

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

What’s this?

You are currently reading Himmel og helvete at Vår i Palestina.

meta

%d bloggarar likar dette: