Yanoun
Yanoun er ein palestinsk landsby i nærleiken av Nablus med kring 70 innbyggjarar. Landsbyen ligg i område C av Vestbreidda, det vil seie at den er under israelsk kontroll. Yanoun er registert i osmanske skatteregistre alt frå 1596, og innbyggjarane lev av husdyrhald og landbruk.
Rundt Yanoun ligg det israelske utpostar på tre kantar, som i likskap med busetjingane er ulovlege ifølgje internasjonal rett. Ein av desse er Itamar. Etter at al-Aqsa-intifadaen braut ut i 2000 byrja busetjarar derifrå å trakassere innbyggjarane i Yanoun. Sidan har dei levd med valdelege åtak frå busetjarane. Det har vore ei rekke episodar kor dei har vorte mishandla, skotne etter og i nokre tilfelle drepne av væpna busetjarar frå Itamar. I tillegg har busetjarane drepe sauene til innbyggjarane i Yanoun, øydelagd generatoren i landsbyen, forgifta drikkevatnet, øydelagd avlingar, stole oliventre og hindra innbyggjarane i å dyrke jorda.
Som følgje av dette vart landsbyen fråflytta i 2002, sett bort frå to eldre innbyggjarar som nekta å flytte. Fredsaktivistar kom då til landsbyen og var tilstades døgnet rundt i fleire veker. Det gjorde det mogleg for innbyggjarane å gradvis kome attende. I dag er det frivillege frå EAPPI i landsbyen til eikvar tid.
Legg att eit svar