Fotballfredag
9. mars 2013 § Kommenter innlegget
Nori (6) veit alt for mykje om valdelege busetjarar. Familien hans, som bur i utkanten av landsbyen Qusra, vert nesten kvar veke angripe frå dei kringliggande busetjarane. Vi var så heldige at vi fekk henge med han og søskena ein heil fredag og spele fotball. Nori kunne og syne oss ei heil bøtte med tåregassgranatar militæret hadde skutt inn i huset hans laurdagen før. Heldigvis haldt både busetjarane og militæret seg på avstand då vi var der.
– Du skriv berre om dei dårlige tinga vi gjer. Aldri om dei bra.
2. mars 2013 § 2 kommentarar
Dette er ein historie utan bilete. Alt av mobiltelefonar, kamera, myntar og notatar måtte nemleg leggast att utanfor då eg og to andre ledsagarar torsdag var i militærretten i Jenin. 8 unge menn mellom 17 og 23 år frå Qaryout, ein landsby vi ofte besøkjer, skulle i retten for sjette gong sidan dei vart arrestert i november og desember. Dei er mistenkt for å kaste stein, Molotov-coctails og setje fyr på eit overvakingstårn i ein busetnad.
Medan israelske busetjarar på Vestbreidda må forhalde seg til sivillov, vert palestinarane styrt av militærlov. Det betyr mellom anna at militære ordrar utgjer lova og at begrepet mindreårig ikkje fins. Palestinske gutar på 15 år som vert arrestert i hopetal for steinkasting kan ende opp med å straffast i årevis.
Retten ligg akkurat over på andre sida av muren i Jenin. Det betyr at når det israleske militæret tek med seg fangane inn dit, går dei over grensa til Israel. Å ta med fangar vekk frå eit okkupert område er eit brot på folkeretten. Likevel gjer det israelske militæret det kvar dag.
Ikkje overraskande er militærretten ein fryktinngytande plass bygd i sement og piggtråd. Vi hadde fått tillatelse dagen før til å vere tilstades, men for å komme inn måtte vi likevel forhandle med fleire soldatar og gjennom to sikkerheitskontroller og full kroppsvisitering. Vel inne vart vi låst inne i det som i beste fall kan kallast eit bur saman med palestinarar som var der for sakene til sønene, døtrene, fedrene, vennene, mødrene, onklane og tantene sine. Alle alvorlige i ansiktet og med eit merksamt blikk mot porten inn til dei to rettssalene som haldt til i to brakker.
Ein av soldatane kalla meg til han etter at vi hadde stått og venta i fem minutt. Han ville berre forhøyre seg litt om kven vi var før han gav oss endeleg tillating til å gå inn i rettssalen. Eg svara så godt eg kunne medan han bladde gjennom passet mitt. Norsk?, sa han og såg på meg. Ja, svara eg. Åh, Ole Gunnar Solskjær, svara han og synte meg mobildekselet hans med Manchester United-logo på. Å prate om fotball er noko som alltid fungerar i Midtausten, så for å få litt fortgong i prosessen jatta eg med. Om Molde, seriegull og at soldaten ville at Solskjær skulle ta over United ein vakker dag. Det fungerte for etter eit par minutt såg han på meg og sa at det var greit. Vi skulle få komme inn. Då eg gjekk attende mot dei andre såg han EAPPI-logoen bak på vesten min og sa: Eg har googla organisasjonen din. Problemet med den er at den berre skriv om dei dårlige tinga vi gjer. Aldri om dei bra. Eg spurde kva han meinte. Han sa: De skriv om korleis vi behandlar fangane og slikt. Berre dei dårlige tinga. Lett ukomfortabel svara eg at: Vi får sjå kva eg skriv om i dag. Han var nøgd og eg kunne gå innatt i buret og vente saman med dei andre.
Ein av dei vi prata med hadde kome frå Jayyus for å følgje rettssaka til sonen på 17, men fekk beskjed i døra om at saka vart utsett endå ei veke. Ei anna frå Salfit fortalde om sonen på 15 år som for 13 månadar sidan hadde vorte arrestert midt på natta. Sidan har han vore haldt i fengsel utan tiltale og utan dom. Han hadde fått tilsyn av psykiater som hadde sagt at han sleit med psykiske problem på grunn av den røffe behandlinga i fengsel, men han vart likevel ikkje sluppen fri. Mora, som tydeleg var heilt knekt av måten sonen har vorte behandla, får berre besøke sonen to gongar i månaden. Med trist stemme sa ho til oss: Dei har øydelagt sonen min. Han vert aldri den same.
Ho kan ikkje ha med mat til han og kle får ho berre gje han to gongar i året. Dei må ho kjøpe frå ei liste som fengselsleiinga har sett opp. Selma, som mora heitte, ville gjerne at vi skulle vere med ho inn i rettssalen då sonen hennar forhåpentlegvis edneleg skulle få ein tiltale, men vi hadde berre tillatelse til å gå inn i retten med dei åtte fangane frå Qaryout. Ein kjenner seg veldig makteslaus i møtet med eit slikt rettssystem, som held mindreårige i fengsel over månadar og år utan tiltale og dom.
Sakene vi overvaka vart gjort unna i ein fei. Den myndige dommaren gadd så vidt å sjå mot benken der vi sat medan ho utsette sakene mot gutane frå Qaryout 40 dagar. Det betyr 40 dagar til med fengsel for gutane utan rettsvern. 40 dagar til vekke frå skulen, familien, vennene og heimstaden. Vi fekk ikkje snakke med fangane, men dei fekk prate 30 sekund med familien sin på tre meters avstand før ein mann med maskingevær jaga dei alle ut.
Det var ikkje lov å ta bilete i rettssalen, men likevel er det mange som har brent seg inn på netthinna. Det av unge gutar som etter fleire månader i fengsel tvingar på seg eit smil for å oppmuntre grinande mødre og søstre. Det av fotlenkene og handjerna gutane måtte ha på seg. Det av israelske soldatar som står med våpen inne i rettssalen og hysjar vekk foreldre som prøver å gje dei tiltalte ungane sine ein klem. Og det av eit rettssystem som held ungar bak lås og slå utan tiltale og dom. Det gjer at ein kan miste trua på det meste. Då er det vanskeleg å skrive om dei bra tinga.
Born i skuddsona
27. februar 2013 § Éin kommentar
Utanfor Yatta i South Hebron Hills erklærte det israelske militæret i 1990 eit område som dekker 12 palestinske landsbyar for «firing zone», eller skuddsone om du vil. Det vil seie at det er eit militært treningsområde kor palestinarar ikkje har lov å opphalde seg.
Alle dei kring 1300 innbyggjarane i området, som vert kalla Masafer Yatta på arabisk og Firing zone 918 på militærsk, har levd med evakueringsordre sidan den gong.
Assocation for Civil Rights in Israel har arbeidd hardt for å gje innbyggjarane høve til å bli i landsbyane sine og i 2012 sa den israelske regjeringa at dei ville skalere ned noko av den militære aktiviteten i området.
Masafer Yatta vert dekka av ledsager Eirik og resten av hans glimrande team i Yatta. I helga var eg på besøk til dei. Eg og Lena, ein svensk ledsager i Yatta, reiste på søndag på ekspedisjon ut i skuddsona for å finne landsbyen Majaz.
Sidan det ikkje er lov å gjere forbetringar på vegen der (det er tross alt ei skuddsone) hadde vi ikkje god nok bil til å køyre heilt fram. Difor slapp sjåføren oss av i ein landsby eit stykke unna Majaz, peika i ei retning og sa vi skulle gå i den retninga til vi fann ein landsby med svarte og kvite telt på toppen av ein haug.
Det gjorde vi etter ein og ein halv time med gåing (ein del i feil retning, mest i riktig) og litt haiking med ein sauebonde. I Majaz fann vi kjekke damer og ein heil haug med nydlege ungar som gjerne ville fortelje om livet deira i skuddsona.
Ungane fortalde at sidan det ikkje er skule i landsbyen så går dei fleire kilometer kvar dag til ein landsby kor dei får undervisning. Der går dei fram til dei er 15-16 år. Etter det er det diverre særs få som får høve til å gå meir på skule og dei fleste ender opp som sauebønder, som foreldra.
Dei nydlege og vittige ungane var nokre solstrålar og det var vanskeleg å rive seg laus frå dei for å starte den lange vegen heim. Vi gjekk oss sjølvsagt vill på vegen attende og, men kom oss til slutt ut av skuddsona desse ungane veks opp i.
Opn Shuhadagata!
23. februar 2013 § Kommenter innlegget
Fredag var eg i Hebron for å vere med ledsagerteamet der på den årlege demonstrasjonen «Iftah shaaria Shuhada» (Opn Shuhadagata).
Shuhadagata pleide å vere ei livleg handlegate i hjarte av Hebron, men er i dag stengd av. Kontrollpostar hindrar gjennomstrøyming og det er knapt nokon butikkar eller innbyggjarar att. Gata vart stengd etter at ein radikal israelsk busetjar, Baruch Goldstein, skaut og drap 29 muslimar som ba i Ibrahimi-moskeen i Hebron. Det israelske militæret var redde for at det skulle komme reaksjonar på ugjerninga mot dei tre israelske busetnadane i nærleika, og bestemde seg for å stenge av Shuhada for å ha betre kontroll over rørslemønsteret i byen.
Demonstrasjonen på fredag samla ei rekke palestinske, israelske og internasjonale aktivistar. Vi var ti ledsagera der for å observere og følgde demonstrantane medan dei nærast sprang mot gamlebyen og dei delene av byen kor israelske busetjarar har barrikert seg i to små enklaver (Sjå ein kort video her i frå al-Jazeera om todelinga av byen). Der venta militæret med tåregass og lydbomber, og så fort demonstrantane nærma seg den første kontrollposten som regulerer inngangen til Shuhadagata vart dei første ladningane med tåregass skutt ut.
Etter det bølga det fram og attende. Demonstrantane kom nærare att, kasta stein mot busetnadane i sentrum og ropte: opn Shuhadagata. Militæret svara med tåregass og lydbomber. Slik føregjekk det i ein time til medan vi var der. Etterkvart vart tåregassen så sterk at vi trakk oss litt unna. Då eg seinare på kvelden prata med folk frå Temporary International Presence in Hebron (TIPH) som hadde vore ute og patruljert fortalde dei at det framleis føregjekk samanstøt mellom kring hundre ungdommar og militæret klokka 21 om kvelden.
Det mest absurde med demonstrasjonen var ikkje dei militære skarpskytterane som sat med geværa retta mot oss på taka kring gamlebyen, dei unge frustrerte som kasta stein, den gamle mannen som kom og serverte meg og Daniel, ein av dei andre ledsagerane, gratis kaffi midt oppi samanstøta eller dei enorme mengdene med soldatar. Nei, det var dei utkledde busetjarane som stod i andreetasjen av husa sine og filma demonstrantane som desperat prøvde å få open tilgong til byen sin att. Det er jødisk karneval denne helga, purim, og alle jødiske ungar er utkledde som klovnar, prinsesser og kva det skulle vere. Ein av desse klovneutkledde israelske ungane stod saman med foreldra sine og såg på demonstrasjonen frå ein balkong like ved den gule porten, ein av inngongane til Shuhadagata. Ho var så nær, men likevel så fjern frå dei jamnaldrande naboane hennar som gjekk i gatene to etasjar under ho. Eg fekk diverre ikkje tatt bilete av ho, men likevel er det ansiktet hennar som med stor forundring såg ned på palestinarane som er noko av det eg hugsar best frå alle hendingane fredag. Ho skulle ha vore leikekameraet med ungane i gata, men istadenfor stod ho i ei heilt anna verd der fire meter over bakken.
Ma´an news skreiv kort om samanstøta i Hebron og på resten av Vestbreidda fredag. Les saka her.
Ein veg ved vegs ende
19. februar 2013 § Éin kommentar
Eg har sidan eg kom til Yanoun tenkt at eg skulle skrive ein post om vegen mellom Yanoun og Nablus som endeleg vart opna etter å ha vore stengd. Diverre må eg heller fortelje korleis ein stein gjorde at den vart stengt att etter berre to veker.
– Eg håpar verkeleg at folk brukar vegen. Det er den einaste måten vi greier å halde den open på.
Det sa Ghassan, sjåføren til ledsagerteamet i Yanoun, då han for ei og ei halv veke sidan stod på ei høgde og snakka om ein smal og holete veg som snirklar seg i dalen mellom Yanoun og Huwarra, nær Nablus. Tre dagar tidligare var palestinsk tv, guvernøren i Nablus og ei heil rekke innbyggjarar der for å markere med brask og bram at vegen endeleg var opna att.
Den tradisjonelle gjennomfartsåra frå Yanoun og Aqraba til Nablus, som strekk seg langs land som tilhøyrer bøndene i Yanoun, har i 11 år vore de facto stengd. Om nokon av bøndene har prøvd å kome seg til olivenlundane eller jorda si har busetjarar frå Ithamar, ein busetnad som ligg på ein haug langs med vegen, kome og angripe dei. For to år sidan vart ein palestinsk gjetar funne knivdrepen etter å ha forvilla seg inn i området. Etter det har ingen andre våga seg inn der.

Kvar dag går vi ledsagarane i Yanoun tur på delar av vegen mot Nablus for å gje tryggleik gjennom nærvær, men vi har ikkje høve til å ta ansvar for heile vegen diverre. Staden vi vart kasta stein på er rundt tre kilometer frå der vi går.
Men så vart vegen altså opna att og det israelske militæret skulle halde orden. Etter lange forhandlingar med israelske myndigheiter kunne guvernøren klippe snora og Ghassan, som fleire gongar i veka fraktar ledsagarar frå Yanoun til Nablus, kunne endeleg ta i bruk att vegen som nærast halverar reisetida inn til regionssenteret.
Men ikkje lenge.
Alt ein dag etter at vegen vart opna vart ein palestinsk bil angripen og frontruta knust då den den køyrde på den nyopna vegen. Innbyggjarane i Yanoun, som i 2002 vart jaga vekk frå husa sine av busetjarar frå Ithamar og som berre kunne kome attende på grunn av at internasjonal tilstadeværelse gjev dei tryggleik, vart sjølvsagt redde for å bruke vegen.
Då vi snakka med Ghassan eit par dagar seinare håpa han framleis at den knuste bilruta berre skulle vere eit enkelttilfelle. At folk framleis ville bruke vegen. Han ville iallfall gjere det han kunne for å halde den open. Dessverre vart det fort klart at han var den einaste som våga å køyre strekninga. Og ei og ei halv veke vart det kasta ein stein som og skulle skremme han og vekk.
Med fullpakka bil, nokre lokale ungdommar i forsetet og tre av oss ledsagarane i baksetet, køyrde Ghassan tidleg søndag 17. februar på vegen i retning Nablus. Vi var på veg på solidaritetsbesøk til ei kyrkje der. Kring fire kilometer frå Yanoun såg vi med eitt to unge israelske gutar frå Ithamar. Dei var kledde i kippah og stod framoverlent og såg ut som dei leitte etter noko i veggrøfta. I det vi kom nærare reiste dei seg og vi såg at dei hadde steinar i henda som dei gjorde seg klare til å kaste. Bak dei stod ein vaksen mann som og haldt steinar og på andre sida av bilen kom fleire springande for å angripe. Ghassan skjønte raskt kva som skjedde og sette farta opp. Gutane kasta steinane i det vi kom forbi. Ein av dei traff bilen, kring fem centimeter frå mitt vindauge. Hadde kastaren vore litt betre til å sikte kunne ruta knust inn over oss, vi ville truleg ha måtte stoppa og dei andre busetjarane ville og fått høve til å treffe. Heldgvis kom vi oss unna.
Det heile skjedde så fort. Likevel fekk den eine steinen som traff bilen store verknadar.
– Her kan vi ikkje køyre meir. Det er farleg. Hadde dei greidd å stoppe oss, ville dei truleg gått til åtak på bilen og vi ville ikkje hatt mobildekning for å ringe etter hjelp. Dessutan, om dei berre hadde knust vindauge og vi hadde komme oss vidare ville det ha kosta 3000 shekel å setje inn eit nytt. Det har eg ikkje råd til å betale kvar gong eg skal til Nablus, sa Ghassan då vi hadde kome oss litt unna.
Han var tydeleg redd for kva som kunne ha vorte utfallet. Han, som var den einaste som turde å bruke vegen, hadde fått nok. No var vegen stengd, også for han.

Merket der den vesle steinen traff bilen vår. Det er merkeleg korleis ein så liten stein kan ha så store verknadar.
Då vi hadde kome oss eit stykke lengre fram på vegen stod to israelske militærvogner og sperra vegen for oss. Ghassan stoppa bilen og fortalde kva som hadde skjedd. Offiseren han prata med lova å reise attende og undersøke kva som hadde skjedd. Sidan har vi ikkje høyrd noko.
Då vi skulle attende til Nablus etter kyrkjetid valde vi den lange vegen som går langt utanom Ithamar. Vanlegvis er ikkje vi internasjonale mål for busetjarangrep, men sidan vi sat i baksetet var vi ikkje synleg då vi kom køyrande og då er alt som tel om bilen som kjem har palestinske eller israelske skilt, verkar det som.
Det er trist korleis det er. Gjennom å angripe bilar med stein har busetjarane nok ein gong stengd vegen mellom Yanoun og Nablus og det vert nok lenge til nokon tør bruke vegen att.
Palestinske nyhendebyrå plukka og opp saka og skreiv denne saka om hendinga.
Jorda er mi. Eg gir den ikkje frå meg.
16. februar 2013 § Kommenter innlegget
I utkanten av al-Lubban ash-Sharqiyya bur hardhausen Khaled Dharamegh saman med kona, fire søner og ei dotter. Huset hans, som er ein gamal bygning frå då osmanerane styrte i regionen, er eit veldig utsatt mål for busetjarangrep. Det ligg rett ved vegen mellom ei av gjennomfartsårene på Vestbreidda, Road 60, og busetjinga Ma`ale Levona, og opplever angrep opptil tre gongar i veka. Dharamegh har vore arrestert fleire gongar og sønene har vorte skadd fleire gongar i samanstøt med busetjarane. Ein gong vart og den 12 år gamle sonen hans teken av militæret på veg heim frå skulen. Dei haldt han i tre timar og slo han gjentatte gongar før dei let han gå. Familien har og opplevd at gardsutstyret deira har blitt stelt og at oliventrea deira har vorte revne opp frå jorda.
For nokre år sidan kom dei israelske myndigheitene med eit tilbod om å kjøpe huset hans. Den gamle ærverdige bygningen har ein stor hage og ei naturleg vasskjelde og er ifølgje Dharagmegh sjølv veldig viktig for den strategiske planleggjinga for busetjarane i området. Dharamegh nekta plent. Han skulle bli på jorda si. Då eg, saman med ledsagerkollega Mina prata med han på fredag prata han sint og forbanna om korleis det alltid var nokon som vil ha tak i jorda hans.
– Eg har eit tabu, eit gamalt jordansk dokument, som syner at eg har rett på den her jorda. Jorda er mi. Eg gir den ikkje frå meg, sa han.
Vi fekk og prata med kona hans, Taghrid, som heilt tydleg var sliten av all uroa. Ho og mannen hadde gjeve ungane deira kamera slik at dei kunne ta bilete og filme kvar gong busetjarane kom for å kunne syne bevis for trakassering dei vert utsett for. Om det er til noko hjelp er Taghrid usikker på. Mange år under press verkar å ha desillusjonert både ho og mannen.
– Forhåpentligvis kan vi ein dag i framtida få leve i fred, men akkurat no er det heilt håplaust. Dei kjem heile tida og omringar huset og går opp på taket. Nokre gongar brukar dei vald, nokre gongar berre snakkar dei stygt.
Det er mange internasjonale og palestinske organiasjonar som har engasjert seg i saka til familien Dharagmegh. Då vi var på besøk var dei ei stor gruppe studentar frå Birzeit-universitet som var der for å syne støtte og gje tryggleik gjennom nærvær. Nokre av dei drakk kaffi, nokre røykte vasspipe og nokre jobba med jorda.
Det kom og ei busslast med frivillege frå Jayyus. Ein av dei var Raziq, som saman med dottera Leila og sonen Abdallah hadde tatt med seg utstyr og jobbe i åkeren. Han er aktiv i Palestinian movement against the wall og brukar ei helg i månaden på å reise rundt og syne solidaritet med folk som slit under okkupasjonen av Vestbreidda. Gjennom å ta i eit tak i med jobb på jorda til Dharamegh håpa han å kunne gjere livet hans litt enklare.
Medan vi stod og prata med Raziq kom militæret køyrande og spurte kva i all verda det var som stod på her. Dharamegh gjekk til dei og sa det berre var fredleg solidaritetsarbeid. Heldigvis gjekk dei med på det og let Raziq og resten av følget gjere det vesle dei følte dei kunne gjere for å støtte ein utsatt familie.
Himmel og helvete
14. februar 2013 § Kommenter innlegget
Det første eg tenkte då eg kom til Yanoun var at det var så stille. Gruppa mi kom seint om kvelden frå ein hektisk dag i Jerusalem og det var godt å komme vekk frå alt maset og ut på landsbygda. I Yanoun var det berre sauene utanfor soverommet vårt og hønene som laga lyd. Ellers var det berre stjerneklårt og nydeleg.
Neste morgon, då vi kring halv sju om morgonen gjekk den daglege morgonturen mellom Øvre- og nedre Yanoun fekk vi verkeleg ta inn kor vakkert det er her. Mandeltrea blomstrar og olivenlundane strekk seg oppover fjellsidene. Likevel er det noko som skurrar. For øvst på haugane rundt Yanoun er det ulovlege israelske utpostar som stadig ekspanderar og tek land frå palestinarane. Høge overvakingstårn, bustadar og kyllingfabrikkar ligg berre nokre hundre meter frå huset vårt. Så i tillegg til at busetjarane trakasserar palestinarane her, gjer måten dei stel land på at det tradisjonelle landbruket forvitrar. Bøndene kan ikkje ha så mange sauer som før og dei kjem seg ikkje fram til landsbruksområda fordi busetjarane og militæret sperrar vegen for dei. I tillegg opplever mange at oliventrea deira vert reven opp med rota eller sagd ned av aggressive busetjarar.
Sålangt har vi vore så heldige at vi ikkje har treft på busetjarar. Det gjer at det enn så lenge er vanskeleg å forestille seg at denne vakre plassen, som verkeleg kjennest som himmelen når ein sit ytst i olivenlunden og ser sola stige opp over Jordandalen og tre gaseller kjem springande forbi, så fort vert til eit helvete når busetjarane kjem med våpna sine.
Som sagt startar vi kvar dag med å gå medan dei to delene av Yanoun, ein tur på kring fire kilometer. Kvar ettermiddag tek vi den same turen ved solnedgong. I tillegg pleier vi å gå eit stykke bort i olivenlundane kring den nedre delen av Yanoun eller på ein nyåpna veg i retning Nablus. Den vegen har vore stengd i 11 år, sidan starten på den andre intifadaen, og vart først opna att søndag for snart to veker sidan. Då hadde guvernøren i Nablus, som vi hadde på besøk dagen etter, forhandla med det israelske militæret lenge for å få gjenopna den viktige transportruta mellom Aqraba, den næraste byen her, og Nablus. Innbyggjarane her er litt skeptiske til å ta i bruk att vegen fordi det hender så ofte at busetjarane kjem ned til vegen med våpen. Difor går vi eit stykke av den kvar dag for å markere at vi er her og får med oss kva som skjer. Den forrige gruppa som var her vart stoppa då dei kom køyrande der av to unge gutar med maskingevær som motvillig gjekk ut av vegen etter at dei hadde prata litt med dei.
Gruppa som eg jobbar med i Yanoun består av Mina (32) frå Sverige, John (60) frå England, Diego (42) frå Equador og Annick (23) frå Sveits. Mina er sjukesøster, John er prest i metodistkyrkja, Diego er lærar og Annick student. I dag var det eg og Mina som gjekk den daglege morgonturen og vi var så heldige å verte invitert inn til ein av familiane i Nedre Yanoun på te, nybaka brød og sladder. Vi fekk og kose med geitekillingar som var berre tre dagar gamle, noko dyreglade skandinavar sjølvsagt sette stor pris på. Kor enn vi går eller reiser her nede vert vi invitert inn og teke godt imot. Det er imponerande kor gjestfrie eit folk som har vorte så herja med er.
Medan eg er i Yanoun, er dei to andre norske ledsagerane her nede i Hebron og South Hebron Hills. Følg bloggen til Birgitte i Hebron her og Eirik sin i Yatta her.
Arbeidet i Yanoun
12. februar 2013 § Kommenter innlegget
Den viktigaste oppgåva vår i Yanoun er å gje beskyttelse gjennom å vere der. I kjølevatnet av den andre intifadaen vart alle innbyggjarane der fordrivne av israelske busetjarar i området. Takka vere palestinske, israelske og internasjonale fredsaktivistar har det vore mogleg for innbyggjarane å flytte attende. Ledsagerprogrammet har alltid minst ein person tilstade i landsbyen, noko dei kring 80 innbyggjarane seier at dei set veldig pris på. Det er berre nokre hundre meter frå huset vårt til den næraste utposten frå ein israelsk busetnad og det skjer altfor ofte at busetjerane kjem for å drepe sauer, forgifte drikkevatnet, angripe eller plage innbyggjarane på andre måtar.
I tillegg har vi i Yanoun-teamet ansvar for ei heil rekke omkringsliggande landsbyar og Jordandalen. Hovudproblema her er angre frå valdelege busetjarar og husrivingsordrar. Vi har brukt dei første dagane på å reise rundt og treffe nokre av dei som vi skal prøve å hjelpe. Nokre av dei bur i Jalud, ein liten landsby kor kring 65 busetjarar kom for tre veker sidan og angrep ein familie. Dei kasta stein inn vindauget og ein av sønene i huset (på bilete) fekk ein i hovudet og måtte sy atten sting. No går det heldigvis bra med han, men det er vanskeleg å skulle høyre slike historiar. Ungar skal ikkje måtte oppleve slikt. Ikkje vaksne heller sjølvsagt, men det er spesielt tøft å høyre om ungar som vert utsatt for vald og overgrep.
No er eg i Jerusalem på kursing, men reiser attende til Yanoun i morgon for at teamet mitt offisielt skal ta over ansvaret. Det vert spanande, skummelt og gøy, trur eg. Følg med her for å høyre korleis det går.
Hei bloggen!
8. februar 2013 § Kommenter innlegget
Denne våren skal eg vere Ledsager for Kirkens Nødhjelp i Yanoun utanfor Nablus. Yanoun er ein landsby med kring 80 innbyggjarar som opplever mykje trakassering frå dei ulovlege israelske busetnadane rundt.
På denne bloggen skal eg skrive om kva eg opplever og menneskja eg møter.