På gjensyn, Yanoun
5. mai 2013 § Kommenter innlegget
Sjølv om det kjendest som det skulle vere heilt umogleg, måtte eg og teamet mitt for snart to veker sidan pakke sakene våre i Yanoun saman og setje kursen mot Jerusalem og etterkvart heimlanda våre. Det var ikkje enkelt. Med tårevåte auge gjekk vi frå hus til hus og klemde alle desse gode menneskja som dei siste månadane har overausa oss med kjærleik, varme og sukkerhaldig te.
Og i det vi pakka oss i bilen til Ghassan og køyrde mot Qalandiyya (checkpointet før Jerusalem) var det ikkje berre den store kofferten min fullstappa med skitne kle, palestinske broderi og uanstendig god olivenolje og mandlar eg tok med meg.
Eg tok med meg smilet til Karama og dei mørke augene til Isra.
Eg tok med meg smaken av ferskt brød og varm fersk geitost.
Eg tok med meg synet av dei gyldne åkrane med valmuer, bønner og kveite.
Og ikkje minst tok eg med meg eit utall fotballkampar med Hamze, Abud og Yazid.
Og diverre må eg og ta med meg kjensla av frustrasjon over at innbyggjerane i Yanoun ikkje kan få leve det fredlege livet sitt i fred. Eit liv der dagen burde gå med til sauehald, olivenhausting og baking av brød. Istaden vert ein altfor stor del av livet i Yanoun prega av israelske busetjarar som ikkje berre stel land, men som og kjem ned og sprer uhygge og angrip innbyggjarane. Den siste månaden vi var i Yanoun bygde dei ein ny utpost på det som verkar å vere den einaste ledige haugen kring Yanoun. Landsbyen er omringa av busetjingar og utpostar som sakte, men sikkert prøver å kvele lokalsamfunnet der. Kvart år tek busetjarane litt meir land, set opp eit gjerde til, gjer ein veg til utilgjengeleg, kjem ned litt oftare med maskingevær berre for å minne om at dei er der. Som om ikkje dei store bygningane deira på bakketoppane hadde vore nok. Snart er det ikkje meir att. Ikkje flere vegar som ungane trygt kan køyre skulebussen på, ikkje fleire åkrar kvinnene kan plante bønner på og ikkje flere bøar menna kan gjete sauene på. Dette klare og sterke bilete av korleis den israelske okkupasjonen rammar og øydelegg livet for palestinarar bør vere eit godt nok argument for å presse israelerane attende til sine eigne grenser.
Diverre har eg vanskar med å sjå at det kjem til å skje med det første. Okkupasjonen berre veks. Og å ha sett den på så nært hald, med all si militære styrke, politiske støtte og valdelege uttrykk, gjer at eg kjenner meg endå meir makteslaus i møte med den. Alt ein kan gjere er å håpe. Håpe at noko skjer som får verda til å sjå kva slags urett palestinarane som lever under okkupasjon lever under og at noko får israelerane til å sjå at den einaste måten dei kan få fred er ved å syne at dei verkeleg vil ha det. Då må dei slutte å stele andre sitt land. Slutte å behandle palestinarane som andrerangs innbyggjarar og slutte å arrestere og drepe borna deira. Det er ei komplisert konflikt, og det er ikkje slik at dei palestinske myndigheitene alltid har gjort ting rett, men det er inga tvil om at okkupasjonen må ta slutt om det nokon gong skal verte fred.
Når eg no er attende i vårfriske Oslo kan det til tider kjennest som om Yanoun er veldig langt unna. Samtidig er det så nært. Den vesle hardhausen av ein palestinsk landsby og dei fantastiske innbyggjarane der har gjort eit usletteleg inntrykk på meg. Difor var det ikkje hadet eg sa den siste dagen, det var på gjensyn. Til dels fordi eg veit eg må attende til alt det vakre landsbyen rommar, men og fordi eg veit eg må attende og prøve å stå imot alt det vonde slik at Yanoun kan få leve vidare.
PS! Følg gjerne bloggen til Cecilie som er i teamet som overtok etter oss i Yanoun.
Legg att eit svar