Om ungar med maskingevær
2. april 2013 § 3 kommentarar
Måndag var ein av mange fine morgonar i Yanoun. Både eg, Mina og Diego skulle vere i landsbyen heile dagen sidan det var jødisk påske og det vanlegvis er fleire busetjarangrep under slike høgtider. Men det var ingen teikn til busetjarar med skumle hensikter då vi gjekk morgonturen vår i soloppgangen og speida utover Jordandalen. Heller ingen då eg og Mina gjekk til Wafa, ei av kvinnene i landsbyen, etter frukost. Ho ville lære korleis ho laga mykje av den gode maten ho stadig serverar oss.
Vi sat i hagen hennar og åt bakte nypoteter og såg på ei skilpadde som kom krypande forbi. Vi koka kaffi på kjøkkenet hennar medan yngstedottra hennar Selma blåste såpebobler på oss og lo hjarteleg kvar gong ho greide å treffe oss med boblene. Vi hadde kitlekrig med Selma og leika med katteklistremerke. Vi drakk te medan Selma, som nett har kasta støttehjula på sykkelen sin, sykla i full fart mellom stova og soverommet til foreldra. Ho syns det var litt varmt å leike ute i den steikande sola og sidan dei andre ungane i huset var på skulen let mora ho sykle inne med den fara det innebar for både dørkarmar, kattehalar og nakne tær. Etterpå herja vi med skuleungane i landsbyen då dei var ferdige med siste time. Skulen i Yanoun er ti meter frå utgongsdøra vår og når elevane som skal bussast ned att til nedre Yanoun ventar på bussen kjem dei ofte bortom oss og leikar. Vi teikna dyr med fargekritt på balkongen vår og spela fotball og leika med klistremerke til bussen kom.
Det var med andre ord ein perfekt morgon i Yanoun. Ein slik dag som varmar deg om hjartet og fleire gongar får deg til å tenkje kvifor kan ikkje desse fine folka berre få leve livet sitt her i fred og få ha rolige dagar slik denne morgonen hadde vore.
Diverre skulle ettermiddagen verte mykje travlare og vi fekk verkeleg kjenne på kjensla av at nokre gongar endrar ting seg i Yanoun på eit lite augeblikk.
Etter at ungane var sendt avgarde med skulebussen sat eg på kjøkkenet og såg fotballkamp (Chelsea vann!) og Mina tok seg ein kvil i stova. Med eitt kom John, som hadde hatt nokre fridagar, springande inn på kjøkkenet. Då han kom i bil gjennom nedre Yanoun hadde det stått ei gruppe busetjarar med steinar i henda langs vegen. Eg og Mina kasta oss rundt og fekk taxisjåføren John kom med til å køyre oss ned dit.
Der stod 15 gutungar på mellom 14 og 16 år like ved landsbyen og verka å berre vente på ein grunn til å kaste steinane dei hadde i henda på nokon. Innbyggjarane i Yanoun hadde kloke av erfaring gøymd seg innomhus. Vi kunne sjå at ein av ungane hadde eit maskingevær over ryggen, så vi haldt litt avstand og venta til dei verka å vere på veg vekk før vi køyrde heilt bort til landsbyen og gjekk slik at vi kunne halde auge med dei. Då kunne vi sjå dei gå avgarde på vegen mot Itamar, busetnaden like ved. Ikkje lenge etter kom militæret køyrande. Då sprang busetjarungane ut i olivenlunden og gøymde seg, men dei fleste kom då soldaten i bilen ropte på dei. Men ein sat att, gøymd bak eit oliventre og tydeleg redd. Det var han med maskingeværet over ryggen.

Det var sandstorm måndag ettermiddag så det var vanskeleg å få klare bilete, men her er busetjarungane ute i olivenlunden.
Vi stod på ei høgde 40 meter unna saman med nokre av ungane frå Yanoun og såg på det absurde som utspela seg. Denne busetjarungen, som tre minutt tidlegare hadde tøffa seg og truga innbyggjarane i Yanoun, sat no og skalv bak eit tre redd for kva følgjer det ville ha at han gjekk rundt med eit maskingevær. Etterkvart kom han fram og soldaten tok frå han maskingeværet og jaga ungane i retning Itamar. Om ungen eller far hans, som truleg eig geværet, får det attende, veit eg ikkje. Men for oss som stod der og såg på var det godt å sjå at soldaten som kom skjønte at denne ungen ikkje kan gå rundt og bære på eit maskingevær. Det burde forsåvidt ingen, men ein tenåring med tydelege markeringsbehov burde iallfall ikkje.
Då ting roa seg gjekk vi og såg på den nyaste innbyggjaren i Yanoun, Dalal (4 dagar). Ho låg og sov roleg kring 40 meter frå kvar busetjarungane hadde vore. Å sjå ho sove fredfyllt fekk verda til å kjennast litt betre.
I kvar for eit hus bur den nyaste babyen?
Hei Marte!
Dalal er veslesøstera til Karama, Isra, Razan, Yazid og Yezan, og dottera til Ibtisam og Badjas. Dei bur i huset til høgre når du kjem ned til nedre Yanoun frå øvre i den delen som ligg nærast moskeen.
Underbart!