Her skulle Jordanelva vore
23. mars 2013 § Éin kommentar
Nede i dalen der altså. Fjella på andre sida er Jordan. Landet på denne sida av gjerdet er Palestina.
Diverre er den historisk viktige elva i stor grad tørka ut. Vatnføringa i elva skal i dag berre vere 5 prosent av kva den tidligare har vore. På grunn av utpumping av grunnvatnet er det no knapt vatn i ho. Og der det er er noko som renn er det diverre hovudsakleg kloakk.
Problema byrja i 1964 då Israel starta og pumpe vatn frå Genesaretsjøen. Sidan har både Israel og Syria pumpa mykje vatn ut frå Yarmouk-elva, som tidlegare har vore ei viktig forsyningskjelde til Jordanelva. Resultatet er ein tørrlagt dal og at Dødehavet snart er endå dødare enn namnet skulle tilseie. Havet synk med omlag ein meter i året.
Sjølv om Jordandalen er nokså grønn no etter nokre regnfulle månader, kjem den til å vere brun om berre nokre veker. Då vert dei palestinske bøndene i området avhengige av å kjøpe vatn for å halde jordbruket sitt gåande. Om dei hadde fått lov å borre etter vatn, slik dei israelske busetjarane gjer, hadde det vore greiare. Men det får dei ikkje. Heller må dei betale mykje pengar til det israelske vatnselskapet Mekerot for å levere vatn til dei i store tankar. For ein familie som held sauer kan det bety utgifter på mange hundre kroner dagen berre til vatn. Det kan verke lite, men er veldig mykje for bønder som knapt sel varer og som i hovudsak berre er sjølvforsynt av det jorda og dyrehaldet gjev dei.
Viktig kunnskap!