– Dette er ikkje min krig
17. mars 2013 § Kommenter innlegget
Sderot, den israelske byen som ligg nærast Gaza, vert ofte framstilt som ein by kor innbyggjarane jublar kvar gong det israelske militæret skyt rakettar mot Gaza. Det stemmer heldigvis ikkje heilt. For blant dei 24 000 innbyggjarane finn ein mellom anna Nomika Zion, som har vore med å grunnleggje The other voice. Det er ein organisasjon som arbeider for å byggje kontakt mellom innbyggjarar i Gaza og Sderot. Då vi traff ho denne veka sa ho at måten Gaza vart prata om i israelsk offentlegheit gjorde at israelerane slutta å sjå palestinarane som menneskjer, men berre som terroristar. Dette har ho sett seg føre å prøve og gjere noko med. Eit ambisiøst prosjekt som har gjort at ho har møtt mykje motbør både lokalt og nasjonalt. Likevel står den knalltøffe dama oppreist og kjempar vidare for å byggje bru mellom dei to nabobyane.
Eg anbefalar alle å lese det opne brevet ho skreiv til Benjamin Nethanyahu i New York Review of Books då det israelske militæret angreip Gaza i november. Der gav ho klar beskjed om at det han dreiv med ikkje var hennar krig og den handla ikkje om hennar tryggleik. Og det til trass for at ho bur i ein by som ofte opplever rakettangrep frå Gaza og kor alle hus, leikeplassar, busstopp og skular må ha bomberom som folk kan springe inn i om rakettalarmen går.
Legg att eit svar