– Du skriv berre om dei dårlige tinga vi gjer. Aldri om dei bra.
2. mars 2013 § 2 kommentarar
Dette er ein historie utan bilete. Alt av mobiltelefonar, kamera, myntar og notatar måtte nemleg leggast att utanfor då eg og to andre ledsagarar torsdag var i militærretten i Jenin. 8 unge menn mellom 17 og 23 år frå Qaryout, ein landsby vi ofte besøkjer, skulle i retten for sjette gong sidan dei vart arrestert i november og desember. Dei er mistenkt for å kaste stein, Molotov-coctails og setje fyr på eit overvakingstårn i ein busetnad.
Medan israelske busetjarar på Vestbreidda må forhalde seg til sivillov, vert palestinarane styrt av militærlov. Det betyr mellom anna at militære ordrar utgjer lova og at begrepet mindreårig ikkje fins. Palestinske gutar på 15 år som vert arrestert i hopetal for steinkasting kan ende opp med å straffast i årevis.
Retten ligg akkurat over på andre sida av muren i Jenin. Det betyr at når det israleske militæret tek med seg fangane inn dit, går dei over grensa til Israel. Å ta med fangar vekk frå eit okkupert område er eit brot på folkeretten. Likevel gjer det israelske militæret det kvar dag.
Ikkje overraskande er militærretten ein fryktinngytande plass bygd i sement og piggtråd. Vi hadde fått tillatelse dagen før til å vere tilstades, men for å komme inn måtte vi likevel forhandle med fleire soldatar og gjennom to sikkerheitskontroller og full kroppsvisitering. Vel inne vart vi låst inne i det som i beste fall kan kallast eit bur saman med palestinarar som var der for sakene til sønene, døtrene, fedrene, vennene, mødrene, onklane og tantene sine. Alle alvorlige i ansiktet og med eit merksamt blikk mot porten inn til dei to rettssalene som haldt til i to brakker.
Ein av soldatane kalla meg til han etter at vi hadde stått og venta i fem minutt. Han ville berre forhøyre seg litt om kven vi var før han gav oss endeleg tillating til å gå inn i rettssalen. Eg svara så godt eg kunne medan han bladde gjennom passet mitt. Norsk?, sa han og såg på meg. Ja, svara eg. Åh, Ole Gunnar Solskjær, svara han og synte meg mobildekselet hans med Manchester United-logo på. Å prate om fotball er noko som alltid fungerar i Midtausten, så for å få litt fortgong i prosessen jatta eg med. Om Molde, seriegull og at soldaten ville at Solskjær skulle ta over United ein vakker dag. Det fungerte for etter eit par minutt såg han på meg og sa at det var greit. Vi skulle få komme inn. Då eg gjekk attende mot dei andre såg han EAPPI-logoen bak på vesten min og sa: Eg har googla organisasjonen din. Problemet med den er at den berre skriv om dei dårlige tinga vi gjer. Aldri om dei bra. Eg spurde kva han meinte. Han sa: De skriv om korleis vi behandlar fangane og slikt. Berre dei dårlige tinga. Lett ukomfortabel svara eg at: Vi får sjå kva eg skriv om i dag. Han var nøgd og eg kunne gå innatt i buret og vente saman med dei andre.
Ein av dei vi prata med hadde kome frå Jayyus for å følgje rettssaka til sonen på 17, men fekk beskjed i døra om at saka vart utsett endå ei veke. Ei anna frå Salfit fortalde om sonen på 15 år som for 13 månadar sidan hadde vorte arrestert midt på natta. Sidan har han vore haldt i fengsel utan tiltale og utan dom. Han hadde fått tilsyn av psykiater som hadde sagt at han sleit med psykiske problem på grunn av den røffe behandlinga i fengsel, men han vart likevel ikkje sluppen fri. Mora, som tydeleg var heilt knekt av måten sonen har vorte behandla, får berre besøke sonen to gongar i månaden. Med trist stemme sa ho til oss: Dei har øydelagt sonen min. Han vert aldri den same.
Ho kan ikkje ha med mat til han og kle får ho berre gje han to gongar i året. Dei må ho kjøpe frå ei liste som fengselsleiinga har sett opp. Selma, som mora heitte, ville gjerne at vi skulle vere med ho inn i rettssalen då sonen hennar forhåpentlegvis edneleg skulle få ein tiltale, men vi hadde berre tillatelse til å gå inn i retten med dei åtte fangane frå Qaryout. Ein kjenner seg veldig makteslaus i møtet med eit slikt rettssystem, som held mindreårige i fengsel over månadar og år utan tiltale og dom.
Sakene vi overvaka vart gjort unna i ein fei. Den myndige dommaren gadd så vidt å sjå mot benken der vi sat medan ho utsette sakene mot gutane frå Qaryout 40 dagar. Det betyr 40 dagar til med fengsel for gutane utan rettsvern. 40 dagar til vekke frå skulen, familien, vennene og heimstaden. Vi fekk ikkje snakke med fangane, men dei fekk prate 30 sekund med familien sin på tre meters avstand før ein mann med maskingevær jaga dei alle ut.
Det var ikkje lov å ta bilete i rettssalen, men likevel er det mange som har brent seg inn på netthinna. Det av unge gutar som etter fleire månader i fengsel tvingar på seg eit smil for å oppmuntre grinande mødre og søstre. Det av fotlenkene og handjerna gutane måtte ha på seg. Det av israelske soldatar som står med våpen inne i rettssalen og hysjar vekk foreldre som prøver å gje dei tiltalte ungane sine ein klem. Og det av eit rettssystem som held ungar bak lås og slå utan tiltale og dom. Det gjer at ein kan miste trua på det meste. Då er det vanskeleg å skrive om dei bra tinga.
Reblogged this on Murer og Mennesker and commented:
Dette innlegget er uten bilder. Eller rettere sagt uten fotografier, for Tora maler ordbilder av følelser og desperasjon.
Dette er ei gripande og skremmande forteljing, Tora!