Born i skuddsona
27. februar 2013 § Éin kommentar
Utanfor Yatta i South Hebron Hills erklærte det israelske militæret i 1990 eit område som dekker 12 palestinske landsbyar for «firing zone», eller skuddsone om du vil. Det vil seie at det er eit militært treningsområde kor palestinarar ikkje har lov å opphalde seg.
Alle dei kring 1300 innbyggjarane i området, som vert kalla Masafer Yatta på arabisk og Firing zone 918 på militærsk, har levd med evakueringsordre sidan den gong.
Assocation for Civil Rights in Israel har arbeidd hardt for å gje innbyggjarane høve til å bli i landsbyane sine og i 2012 sa den israelske regjeringa at dei ville skalere ned noko av den militære aktiviteten i området.
Masafer Yatta vert dekka av ledsager Eirik og resten av hans glimrande team i Yatta. I helga var eg på besøk til dei. Eg og Lena, ein svensk ledsager i Yatta, reiste på søndag på ekspedisjon ut i skuddsona for å finne landsbyen Majaz.
Sidan det ikkje er lov å gjere forbetringar på vegen der (det er tross alt ei skuddsone) hadde vi ikkje god nok bil til å køyre heilt fram. Difor slapp sjåføren oss av i ein landsby eit stykke unna Majaz, peika i ei retning og sa vi skulle gå i den retninga til vi fann ein landsby med svarte og kvite telt på toppen av ein haug.
Det gjorde vi etter ein og ein halv time med gåing (ein del i feil retning, mest i riktig) og litt haiking med ein sauebonde. I Majaz fann vi kjekke damer og ein heil haug med nydlege ungar som gjerne ville fortelje om livet deira i skuddsona.
Ungane fortalde at sidan det ikkje er skule i landsbyen så går dei fleire kilometer kvar dag til ein landsby kor dei får undervisning. Der går dei fram til dei er 15-16 år. Etter det er det diverre særs få som får høve til å gå meir på skule og dei fleste ender opp som sauebønder, som foreldra.
Dei nydlege og vittige ungane var nokre solstrålar og det var vanskeleg å rive seg laus frå dei for å starte den lange vegen heim. Vi gjekk oss sjølvsagt vill på vegen attende og, men kom oss til slutt ut av skuddsona desse ungane veks opp i.
Så bra dere fant landsbyen! Og takk for at du forteller om de som bor der. Fine bilder! Håper israelske myndigheter tar til fornuften og stopper dette vedtaket.