Opn Shuhadagata!
23. februar 2013 § Kommenter innlegget
Fredag var eg i Hebron for å vere med ledsagerteamet der på den årlege demonstrasjonen «Iftah shaaria Shuhada» (Opn Shuhadagata).
Shuhadagata pleide å vere ei livleg handlegate i hjarte av Hebron, men er i dag stengd av. Kontrollpostar hindrar gjennomstrøyming og det er knapt nokon butikkar eller innbyggjarar att. Gata vart stengd etter at ein radikal israelsk busetjar, Baruch Goldstein, skaut og drap 29 muslimar som ba i Ibrahimi-moskeen i Hebron. Det israelske militæret var redde for at det skulle komme reaksjonar på ugjerninga mot dei tre israelske busetnadane i nærleika, og bestemde seg for å stenge av Shuhada for å ha betre kontroll over rørslemønsteret i byen.
Demonstrasjonen på fredag samla ei rekke palestinske, israelske og internasjonale aktivistar. Vi var ti ledsagera der for å observere og følgde demonstrantane medan dei nærast sprang mot gamlebyen og dei delene av byen kor israelske busetjarar har barrikert seg i to små enklaver (Sjå ein kort video her i frå al-Jazeera om todelinga av byen). Der venta militæret med tåregass og lydbomber, og så fort demonstrantane nærma seg den første kontrollposten som regulerer inngangen til Shuhadagata vart dei første ladningane med tåregass skutt ut.
Etter det bølga det fram og attende. Demonstrantane kom nærare att, kasta stein mot busetnadane i sentrum og ropte: opn Shuhadagata. Militæret svara med tåregass og lydbomber. Slik føregjekk det i ein time til medan vi var der. Etterkvart vart tåregassen så sterk at vi trakk oss litt unna. Då eg seinare på kvelden prata med folk frå Temporary International Presence in Hebron (TIPH) som hadde vore ute og patruljert fortalde dei at det framleis føregjekk samanstøt mellom kring hundre ungdommar og militæret klokka 21 om kvelden.
Det mest absurde med demonstrasjonen var ikkje dei militære skarpskytterane som sat med geværa retta mot oss på taka kring gamlebyen, dei unge frustrerte som kasta stein, den gamle mannen som kom og serverte meg og Daniel, ein av dei andre ledsagerane, gratis kaffi midt oppi samanstøta eller dei enorme mengdene med soldatar. Nei, det var dei utkledde busetjarane som stod i andreetasjen av husa sine og filma demonstrantane som desperat prøvde å få open tilgong til byen sin att. Det er jødisk karneval denne helga, purim, og alle jødiske ungar er utkledde som klovnar, prinsesser og kva det skulle vere. Ein av desse klovneutkledde israelske ungane stod saman med foreldra sine og såg på demonstrasjonen frå ein balkong like ved den gule porten, ein av inngongane til Shuhadagata. Ho var så nær, men likevel så fjern frå dei jamnaldrande naboane hennar som gjekk i gatene to etasjar under ho. Eg fekk diverre ikkje tatt bilete av ho, men likevel er det ansiktet hennar som med stor forundring såg ned på palestinarane som er noko av det eg hugsar best frå alle hendingane fredag. Ho skulle ha vore leikekameraet med ungane i gata, men istadenfor stod ho i ei heilt anna verd der fire meter over bakken.
Ma´an news skreiv kort om samanstøta i Hebron og på resten av Vestbreidda fredag. Les saka her.
Legg att eit svar