Ein veg ved vegs ende

19. februar 2013 § Éin kommentar

Eg har sidan eg kom til Yanoun tenkt at eg skulle skrive ein post om vegen mellom Yanoun og Nablus som endeleg vart opna etter å ha vore stengd. Diverre må eg heller fortelje korleis ein stein gjorde at den vart stengt att etter berre to veker.

IMG_8936

–  Eg håpar verkeleg at folk brukar vegen. Det er den einaste måten vi greier å halde den open på.

Det sa Ghassan, sjåføren til ledsagerteamet i Yanoun, då han for ei og ei halv veke sidan stod på ei høgde og snakka om ein smal og holete veg som snirklar seg i dalen mellom Yanoun og Huwarra, nær Nablus. Tre dagar tidligare var palestinsk tv, guvernøren i Nablus og ei heil rekke innbyggjarar der for å markere med brask og bram at vegen endeleg var opna att.

Den tradisjonelle gjennomfartsåra frå Yanoun og Aqraba til Nablus, som strekk seg langs land som tilhøyrer bøndene i Yanoun, har i 11 år vore de facto stengd. Om nokon av bøndene har prøvd å kome seg til olivenlundane eller jorda si har busetjarar frå Ithamar, ein busetnad som ligg på ein haug langs med vegen, kome og angripe dei. For to år sidan vart ein palestinsk gjetar funne knivdrepen etter å ha forvilla seg inn i området. Etter det har ingen andre våga seg inn der.

IMG_8931

Kvar dag går vi ledsagarane i Yanoun tur på delar av vegen mot Nablus for å gje tryggleik gjennom nærvær, men vi har ikkje høve til å ta ansvar for heile vegen diverre. Staden vi vart kasta stein på er rundt tre kilometer frå der vi går.

Men så vart vegen altså opna att og det israelske militæret skulle halde orden. Etter lange forhandlingar med israelske myndigheiter kunne guvernøren klippe snora og Ghassan, som fleire gongar i veka fraktar ledsagarar frå Yanoun til Nablus, kunne endeleg ta i bruk att vegen som nærast halverar reisetida inn til regionssenteret.

Men ikkje lenge.

Alt ein dag etter at vegen vart opna vart ein palestinsk bil angripen og frontruta knust då den den køyrde på den nyopna vegen. Innbyggjarane i Yanoun, som i 2002 vart jaga vekk frå husa sine av busetjarar frå Ithamar og som berre kunne kome attende på grunn av at internasjonal tilstadeværelse gjev dei tryggleik, vart sjølvsagt redde for å bruke vegen.

Då vi snakka med Ghassan eit par dagar seinare håpa han framleis at den knuste bilruta berre skulle vere eit enkelttilfelle. At folk framleis ville bruke vegen. Han ville iallfall gjere det han kunne for å halde den open. Dessverre vart det fort klart at han var den einaste som våga å køyre strekninga. Og ei og ei halv veke vart det kasta ein stein som og skulle skremme han og vekk.

Med fullpakka bil, nokre lokale ungdommar i forsetet og tre av oss ledsagarane i baksetet, køyrde Ghassan tidleg søndag 17. februar på vegen i retning Nablus. Vi var på veg på solidaritetsbesøk til ei kyrkje der. Kring fire kilometer frå Yanoun såg vi med eitt to unge israelske gutar frå Ithamar. Dei var kledde i kippah og stod framoverlent og såg ut som dei leitte etter noko i veggrøfta. I det vi kom nærare reiste dei seg og vi såg at dei hadde steinar i henda som dei gjorde seg klare til å kaste. Bak dei stod ein vaksen mann som og haldt steinar og på andre sida av bilen kom fleire springande for å angripe. Ghassan skjønte raskt kva som skjedde og sette farta opp. Gutane kasta steinane i det vi kom forbi. Ein av dei traff bilen, kring fem centimeter frå mitt vindauge. Hadde kastaren vore litt betre til å sikte kunne ruta knust inn over oss, vi ville truleg ha måtte stoppa og dei andre busetjarane ville og fått høve til å treffe. Heldgvis kom vi oss unna.

Det heile skjedde så fort. Likevel fekk den eine steinen som traff bilen store verknadar.

– Her kan vi ikkje køyre meir. Det er farleg. Hadde dei greidd å stoppe oss, ville dei truleg gått til åtak på bilen og vi ville ikkje hatt mobildekning for å ringe etter hjelp. Dessutan, om dei berre hadde knust vindauge og vi hadde komme oss vidare ville det ha kosta 3000 shekel å setje inn eit nytt. Det har eg ikkje råd til å betale kvar gong eg skal til Nablus, sa Ghassan då vi hadde kome oss litt unna.

Han var tydeleg redd for kva som kunne ha vorte utfallet. Han, som var den einaste som turde å bruke vegen, hadde fått nok. No var vegen stengd, også for han.

IMG_8926

Merket der den vesle steinen traff bilen vår. Det er merkeleg korleis ein så liten stein kan ha så store verknadar.

Då vi hadde kome oss eit stykke lengre fram på vegen stod to israelske militærvogner og sperra vegen for oss. Ghassan stoppa bilen og fortalde kva som hadde skjedd. Offiseren han prata med lova å reise attende og undersøke kva som hadde skjedd. Sidan har vi ikkje høyrd noko.

Då vi skulle attende til Nablus etter kyrkjetid valde vi den lange vegen som går langt utanom Ithamar. Vanlegvis er ikkje vi internasjonale mål for busetjarangrep, men sidan vi sat i baksetet var vi ikkje synleg då vi kom køyrande og då er alt som tel om bilen som kjem har palestinske eller israelske skilt, verkar det som.

Det er trist korleis det er. Gjennom å angripe bilar med stein har busetjarane nok ein gong stengd vegen mellom Yanoun og Nablus og det vert nok lenge til nokon tør bruke vegen att.

Palestinske nyhendebyrå plukka og opp saka og skreiv denne saka om hendinga.

Reklame

§ One Response to Ein veg ved vegs ende

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

What’s this?

You are currently reading Ein veg ved vegs ende at Vår i Palestina.

meta

%d bloggarar likar dette: