På gjensyn, Yanoun

5. mai 2013 § Kommenter innlegget

Solnedgong over Jordandalen.

Solnedgong over Jordandalen.

Sjølv om det kjendest som det skulle vere heilt umogleg, måtte eg og teamet mitt for snart to veker sidan pakke sakene våre i Yanoun saman og setje kursen mot Jerusalem og etterkvart heimlanda våre. Det var ikkje enkelt. Med tårevåte auge gjekk vi frå hus til hus og klemde alle desse gode menneskja som dei siste månadane har overausa oss med kjærleik, varme og sukkerhaldig te.

Og i det vi pakka oss i bilen til Ghassan og køyrde mot Qalandiyya (checkpointet før Jerusalem) var det ikkje berre den store kofferten min fullstappa med skitne kle, palestinske broderi og uanstendig god olivenolje og mandlar eg tok med meg.

Karama.

Karama.

Eg tok med meg smilet til Karama og dei mørke augene til Isra.

Isra og meg dagen før vi reiste.

Isra og meg dagen før vi reiste.

Eg tok med meg smaken av ferskt brød og varm fersk geitost.

Mat rett frå taboon-omnen.

Mat rett frå taboon-omnen.

Eg tok med meg synet av dei gyldne åkrane med valmuer, bønner og kveite.

IMG_9688

Og ikkje minst tok eg med meg eit utall fotballkampar med Hamze, Abud og Yazid.

Hamze, Abud og Yazid er klar for kamp.

Hamze, Abud og Yazid er klar for kamp.

Og diverre må eg og ta med meg kjensla av frustrasjon over at innbyggjerane i Yanoun ikkje kan få leve det fredlege livet sitt i fred. Eit liv der dagen burde gå med til sauehald, olivenhausting og baking av brød. Istaden vert ein altfor stor del av livet i Yanoun prega av israelske busetjarar som ikkje berre stel land, men som og kjem ned og sprer uhygge og angrip innbyggjarane. Den siste månaden vi var i Yanoun bygde dei ein ny utpost på det som verkar å vere den einaste ledige haugen kring Yanoun. Landsbyen er omringa av busetjingar og utpostar som sakte, men sikkert prøver å kvele lokalsamfunnet der. Kvart år tek busetjarane litt meir land, set opp eit gjerde til, gjer ein veg til utilgjengeleg, kjem ned litt oftare med maskingevær berre for å minne om at dei er der. Som om ikkje dei store bygningane deira på bakketoppane hadde vore nok. Snart er det ikkje meir att. Ikkje flere vegar som ungane trygt kan køyre skulebussen på, ikkje fleire åkrar kvinnene kan plante bønner på og ikkje flere bøar menna kan gjete sauene på. Dette klare og sterke bilete av korleis den israelske okkupasjonen rammar og øydelegg livet for palestinarar bør vere eit godt nok argument for å presse israelerane attende til sine eigne grenser.

Yasser er ute med sauene. Annick observerar.

Yasser er ute med sauene. Annick observerar.

Diverre har eg vanskar med å sjå at det kjem til å skje med det første. Okkupasjonen berre veks. Og å ha sett den på så nært hald, med all si militære styrke, politiske støtte og valdelege uttrykk, gjer at eg kjenner meg endå meir makteslaus i møte med den. Alt ein kan gjere er å håpe. Håpe at noko skjer som får verda til å sjå kva slags urett palestinarane som lever under okkupasjon lever under og at noko får israelerane til å sjå at den einaste måten dei kan få fred er ved å syne at dei verkeleg vil ha det. Då må dei slutte å stele andre sitt land. Slutte å behandle palestinarane som andrerangs innbyggjarar og slutte å arrestere og drepe borna deira. Det er ei komplisert konflikt, og det er ikkje slik at dei palestinske myndigheitene alltid har gjort ting rett, men det er inga tvil om at okkupasjonen må ta slutt om det nokon gong skal verte fred.

Når eg no er attende i vårfriske Oslo kan det til tider kjennest som om Yanoun er veldig langt unna. Samtidig er det så nært. Den vesle hardhausen av ein palestinsk landsby og dei fantastiske innbyggjarane der har gjort eit usletteleg inntrykk på meg. Difor var det ikkje hadet eg sa den siste dagen, det var på gjensyn. Til dels fordi eg veit eg må attende til alt det vakre landsbyen rommar, men og fordi eg veit eg må attende og prøve å stå imot alt det vonde slik at Yanoun kan få leve vidare.

Soloppgong i Yanoun.

Soloppgong i Yanoun.

PS! Følg gjerne bloggen til Cecilie som er i teamet som overtok etter oss i Yanoun.

Reklame

48 timar på besøk hos Hebron-teamet

4. april 2013 § Kommenter innlegget

Yusef Zakkari Abu Eish sat og åt lunsj ved checkpoint 56 då han vart truffen av ei gummikule. Det var samanstøt mellom palestinarar og militære eit stykke unna og ein av kulene militæret skaut mot palestinarane gjekk via ein lyktestolpe og i hovudet på Yusef.
Yusef Zakkari Abu Eish sat og åt lunsj like ved checkpoint 56 då han vart truffen av ei gummikule. Det var samanstøt mellom palestinarar og militære eit stykke unna og ein av kulene militæret skaut mot palestinarane gjekk via ein lyktestolpe og i hovudet på Yusef.

Antall ungar mellom 9 og 13 år eg såg ført ut frå ein militærbase med bind for augene: 5 (Sjå video av det her)
Antall gongar eg vart kalla bitch av ein busetjar som køyrde forbi meg: 1
Antall gongar eg vart kalla terrorist og nazist av ein ung busetjarfar som snakka om meg til son sin på tre år: 1
Antall palestinske gutar på 12 år eg besøkte på sjukehus som hadde blitt skotne av gummikuler i hovudet av militæret to dagar tidligare: 1
Antall timar Yusef Zakkari Abu Eish var medvitslaus etter at han vart truffen av gummikula: 15
Antall kamelar på eit lasteplan i gamlebyen som strengt tatt berre hadde plass til ein: 3
Antall kamelar ved prayer´s road: 1
Antall kosete pusekattar ved Cordoba-skulen: 1
Antall grillmiddagar hos Sima på TIPH: 1
Antall alternative turar arrangert av palestinske studentar rundt i H2-området i Hebron vi gav beskyttande nærvær til: 1
Antall vegar militære og politiet sperra for alternative palestinske turar rundt i H2-området i Hebron: 3
Antall pita med falafel eg åt: 3
Antall koppar te eg drakk: Ukjend
Antall gongar Hebron-teamet snakka om kitkat-sjokolade: cirka tusen.

Om ungar med maskingevær

2. april 2013 § 3 kommentarar

Måndag var ein av mange fine morgonar i Yanoun. Både eg, Mina og Diego skulle vere i landsbyen heile dagen sidan det var jødisk påske og det vanlegvis er fleire busetjarangrep under slike høgtider. Men det var ingen teikn til busetjarar med skumle hensikter då vi gjekk morgonturen vår i soloppgangen og speida utover Jordandalen. Heller ingen då eg og Mina gjekk til Wafa, ei av kvinnene i landsbyen, etter frukost. Ho ville lære korleis ho laga mykje av den gode maten ho stadig serverar oss.

Wafa baka brød, ost og poteter til oss.

Vi sat i hagen hennar og åt bakte nypoteter og såg på ei skilpadde som kom krypande forbi. Vi koka kaffi på kjøkkenet hennar medan yngstedottra hennar Selma blåste såpebobler på oss og lo hjarteleg kvar gong ho greide å treffe oss med boblene. Vi hadde kitlekrig med Selma og leika med katteklistremerke. Vi drakk te medan Selma, som nett har kasta støttehjula på sykkelen sin, sykla i full fart mellom stova og soverommet til foreldra. Ho syns det var litt varmt å leike ute i den steikande sola og sidan dei andre ungane i huset var på skulen let mora ho sykle inne med den fara det innebar for både dørkarmar, kattehalar og nakne tær. Etterpå herja vi med skuleungane i landsbyen då dei var ferdige med siste time. Skulen i Yanoun er ti meter frå utgongsdøra vår og når elevane som skal bussast ned att til nedre Yanoun ventar på bussen kjem dei ofte bortom oss og leikar. Vi teikna dyr med fargekritt på balkongen vår og spela fotball og leika med klistremerke til bussen kom.

Det var med andre ord ein perfekt morgon i Yanoun. Ein slik dag som varmar deg om hjartet og fleire gongar får deg til å tenkje kvifor kan ikkje desse fine folka berre få leve livet sitt her i fred og få ha rolige dagar slik denne morgonen hadde vore.

Diverre skulle ettermiddagen verte mykje travlare og vi fekk verkeleg kjenne på kjensla av at nokre gongar endrar ting seg i Yanoun på eit lite augeblikk.

Etter at ungane var sendt avgarde med skulebussen sat eg på kjøkkenet og såg fotballkamp (Chelsea vann!) og Mina tok seg ein kvil i stova. Med eitt kom John, som hadde hatt nokre fridagar, springande inn på kjøkkenet. Då han kom i bil gjennom nedre Yanoun hadde det stått ei gruppe busetjarar med steinar i henda langs vegen. Eg og Mina kasta oss rundt og fekk taxisjåføren John kom med til å køyre oss ned dit.

Der stod 15 gutungar på mellom 14 og 16 år like ved landsbyen og verka å berre vente på ein grunn til å kaste steinane dei hadde i henda på nokon. Innbyggjarane i Yanoun hadde kloke av erfaring gøymd seg innomhus. Vi kunne sjå at ein av ungane hadde eit maskingevær over ryggen, så vi haldt litt avstand og venta til dei verka å vere på veg vekk før vi køyrde heilt bort til landsbyen og gjekk slik at vi kunne halde auge med dei. Då kunne vi sjå dei gå avgarde på vegen mot Itamar, busetnaden like ved. Ikkje lenge etter kom militæret køyrande. Då sprang busetjarungane ut i olivenlunden og gøymde seg, men dei fleste kom då soldaten i bilen ropte på dei. Men ein sat att, gøymd bak eit oliventre og tydeleg redd. Det var han med maskingeværet over ryggen.

Det var sandstorm måndag ettermiddag så det var vanskeleg å få klare bilete, men her er busetjarungane ute i olivenlunden.

Det var sandstorm måndag ettermiddag så det var vanskeleg å få klare bilete, men her er busetjarungane ute i olivenlunden.

Vi stod på ei høgde 40 meter unna saman med nokre av ungane frå Yanoun og såg på det absurde som utspela seg. Denne busetjarungen, som tre minutt tidlegare hadde tøffa seg og truga innbyggjarane i Yanoun, sat no og skalv bak eit tre redd for kva følgjer det ville ha at han gjekk rundt med eit maskingevær. Etterkvart kom han fram og soldaten tok frå han maskingeværet og jaga ungane i retning Itamar. Om ungen eller far hans, som truleg eig geværet, får det attende, veit eg ikkje. Men for oss som stod der og såg på var det godt å sjå at soldaten som kom skjønte at denne ungen ikkje kan gå rundt og bære på eit maskingevær. Det burde forsåvidt ingen, men ein tenåring med tydelege markeringsbehov burde iallfall ikkje.

IMG_1623
Mina og Dalal.

Då ting roa seg gjekk vi og såg på den nyaste innbyggjaren i Yanoun, Dalal (4 dagar). Ho låg og sov roleg kring 40 meter frå kvar busetjarungane hadde vore. Å sjå ho sove fredfyllt fekk verda til å kjennast litt betre.

Her skulle Jordanelva vore

23. mars 2013 § Éin kommentar

Her skulle Jordanelva vore

Nede i dalen der altså. Fjella på andre sida er Jordan. Landet på denne sida av gjerdet er Palestina.

Diverre er den historisk viktige elva i stor grad tørka ut. Vatnføringa i elva skal i dag berre vere 5 prosent av kva den tidligare har vore. På grunn av utpumping av grunnvatnet er det no knapt vatn i ho. Og der det er er noko som renn er det diverre hovudsakleg kloakk.

Problema byrja i 1964 då Israel starta og pumpe vatn frå Genesaretsjøen. Sidan har både Israel og Syria pumpa mykje vatn ut frå Yarmouk-elva, som tidlegare har vore ei viktig forsyningskjelde til Jordanelva. Resultatet er ein tørrlagt dal og at Dødehavet snart er endå dødare enn namnet skulle tilseie. Havet synk med omlag ein meter i året.

Sjølv om Jordandalen er nokså grønn no etter nokre regnfulle månader, kjem den til å vere brun om berre nokre veker. Då vert dei palestinske bøndene i området avhengige av å kjøpe vatn for å halde jordbruket sitt gåande. Om dei hadde fått lov å borre etter vatn, slik dei israelske busetjarane gjer, hadde det vore greiare. Men det får dei ikkje. Heller må dei betale mykje pengar til det israelske vatnselskapet Mekerot for å levere vatn til dei i store tankar. For ein familie som held sauer kan det bety utgifter på mange hundre kroner dagen berre til vatn. Det kan verke lite, men er veldig mykje for bønder som knapt sel varer og som i hovudsak berre er sjølvforsynt av det jorda og dyrehaldet gjev dei.

– Dette er ikkje min krig

17. mars 2013 § Kommenter innlegget

IMG_9435

Sderot, den israelske byen som ligg nærast Gaza, vert ofte framstilt som ein by kor innbyggjarane jublar kvar gong det israelske militæret skyt rakettar mot Gaza. Det stemmer heldigvis ikkje heilt. For blant dei 24 000 innbyggjarane finn ein mellom anna Nomika Zion, som har vore med å grunnleggje The other voice. Det er ein organisasjon som arbeider for å byggje kontakt mellom innbyggjarar i Gaza og Sderot. Då vi traff ho denne veka sa ho at måten Gaza vart prata om i israelsk offentlegheit gjorde at israelerane slutta å sjå palestinarane som menneskjer, men berre som terroristar. Dette har ho sett seg føre å prøve og gjere noko med. Eit ambisiøst prosjekt som har gjort at ho har møtt mykje motbør både lokalt og nasjonalt. Likevel står den knalltøffe dama oppreist og kjempar vidare for å byggje bru mellom dei to nabobyane.

Eg anbefalar alle å lese det opne brevet ho skreiv til Benjamin Nethanyahu i New York Review of Books då det israelske militæret angreip Gaza i november. Der gav ho klar beskjed om at det han dreiv med ikkje var hennar krig og den handla ikkje om hennar tryggleik. Og det til trass for at ho bur i ein by som ofte opplever rakettangrep frå Gaza og kor alle hus, leikeplassar, busstopp og skular må ha bomberom som folk kan springe inn i om rakettalarmen går.

Hei Gaza!

17. mars 2013 § Kommenter innlegget

Hei Gaza!

Ledsagerprogrammet dekkjer ikkje Gaza. Likevel fekk vi høve til å sjå over dit då vi besøkte Sderot, den næraste israelske byen, denne veka. Det var nokså absurd å køyre gjennom eit aude og grønt fruktbart område i utkanten av Sderot for å så sjå over til Gaza kor 1,7 millionar palestinarar er trykt saman på 360 kvadratkilometer.

Tåregass i solnedgang

17. mars 2013 § Kommenter innlegget

Tåregass i solnedgang

I går var eg og teamet mitt på veg attende til Yanoun frå nokre dagar i Israel og Jerusalem då Jamal, ein av kontaktane våre ringde, og sa at busetjarar og militæret hadde gått inn i Yasuf. Det er ein landsby med kring 2000 innbyggjarar som har mista nær 50% av jorda si til Ariel, den største busetninga på Vestbreidda. Det var busetjarar frå Tappuah, ein av utpostane til Ariel, som hadde komme ned til landsbyen. Vi hoppa av bussen og reiste rett dit. Då vi kom fram hadde busetjarane trekt seg attende, medan militæret var inne og skaut tåregass mot mellom 100 og 200 palestinarar som prøvde å jage dei ut. Vi stod på eit tak like ved og haldt auge med dei til militæret trakk seg attende i det sola gjekk ned.

Ingenting er som litt tåregass i luftvegane for å riste ein ut av feriemodus og få ein attende til verkelegheita.

Aller finast er Yanoun …

17. mars 2013 § Kommenter innlegget

Aller finast er Yanoun ...

… tidleg, tidleg om morgonen når tåka lettar og eg er på veg for å setje meg på ein stein og sjå sola stige opp over Jordandalen.

Ei jente som nesten mista far sin

9. mars 2013 § Kommenter innlegget

Ei jente som nesten mista far sin

Onsdag for to veker sidan kom militæret til Qusra, ein landsby like ved Yanoun, med rivingsordre på delar av det elektriske anlegget. Grunne var at det var bygd i område C, altså eit israelskkontrollert område, utan tillatelse. Det skal seiast at palestinarar så og seie aldri får tillatelse til å byggje i område C av israelske myndigheiter, så om noko skal gjerast må det gjerast utan formell tillatelse.

Då militæret kom med bulldosarane sine vart dei lokale ungdommane rasande i Qusra rasande. Dei kasta stein, og i retur fekk dei tåregass, lydbomber og gummikuler. To vart sende til sjukehus og ein femtenåring vart arrestert.

Natt til torsdagen kom busetjarar frå Eish Kodesh, ein av dei næraste busetnadane, og sette fyr på seks bilar i Qusra. Laurdag kom dei attende og angreip husa til to familiar som bur heilt i utkanten av landsbyen. Dei omringa husa og jaga familiane derifrå. Mange frå landsbyen kom springande til for å hjelpe naboane sine som var under angrep. Aller først i rekka var 25 år gamle Hilmi. Då han nådde plassen der busetjarane var skaut ein av dei han i magen. No ligg han hardt skadd på sjukehus i Jerusalem.

Onsdag i forrige veke var vi på besøk hos familien hans og møtte den 1,5 år gamle dottra hans. På bilete øvst i denne posten er ho saman med eine tanta si. Den gravide mora var med Hilmi på eit israelske sjukehus i Jerusalem. Det verkar som israelske myndigheiter var så redde for kva som ville vere verknaden dersom Hilmi døydde, så dei bestemde seg for å gje han tillatelse til å få legebehandling i Israel. Det såg nemlig ikkje lyst ut for han då han først vart sendt til sjukehus i Nablus.

Etter intensiv behandling går det no betre med Hilmi. Legane vart tvungne å fjerne ein del av leveren hans for å stoppe dei indre blødningane hans. No håpar dei at han kan verte heilt frisk. Så slepp heldigvis ei jente på 1,5 år og eit uføydd born å miste far sin.

Kunstprosjekt

9. mars 2013 § Kommenter innlegget

Kunstprosjekt

Guteskulen i Urif får nesten kvar dag tåregass skote inn på området sitt. Det skjer når busetjarane i området kjem ned til skulen i det elevane er på veg heim og kastar stein både mot bygget og mot ungane. Militæret kjem for å «ordne opp» ved å skyte tåregass. Mange av elevane har vorte skadd og besvimt av dei sterke dosane. Nokre av dei eldste elevane har brukt det siste årets tomme tåregasshylster i eit kunstprosjekt dei jobbar med. Med hylstera har dei skrive Palestina på arabisk.